Startpage





download musicfile

Fjellfiolen
Landet var likevel vårt : dikt 1945.



Vesle fjåge fjellfiolen
attmed isen under polen,
lær oss tru og offermod!
Ingen har du til å live
deg mot storm og haggeldrive
når det isar i ditt blod.

Vesle fjåge fjellfiolen,
syng for Noreg livstriolen:
tru og von og kjærleik, du!
Du kan stå og flerrast sunder
medan vårens store under
sigrar gjennom mørkers gru!

Vesle fjåge høgfjellsblomen,
du kan tolke klokkeljomen
frå ei ny og betre tid:
Du kan døy av isnåldrivet,
men når stylken brest, vil livet
skirsla gro i rota di!

Slik må Noreg ein gong standa
fylt av offermod og anda
freden ifrå bre og brun!
Då or frost og aprildagar
blømer atter sumarhagar
kring vårt eige frie tun!



skrevet av Bjarne Slapgard


Bjarne Slapgard (født 11. november 1901 i Verdal - 25. desember 1997 i Levanger) var en norsk forfatter og folkehøgskole-lærer.


tonesatt av Abnescio


Abnescio ble utdanna ved universitetet i Trondheim. Og bor nå ved byen Molde. Og er barnebarn av Bjarne Slapgard.